
Vurdering av blogg
12/04/2010Me fekk som oppgåve å kommentere tre innlegg om informasjonskløfter. Innlegga kom frå bloggane til elevane på Kongsberg VGS. Dei har tidlegare kommentert vårt arbeid, og no var det vår tur.
Dette var oppgåva:
A) Les 3 elevinnlegg/besvarelse på oppgaven om informasjonskløfter fra Kongsberg VGS. Har du etternavn i begynnelsen av alfabetet, plukker du elever øverst fra elevlista på bloggen, har du etternavn i midten av alfabetet plukker du elever i midten av lista og har du etternavn i slutten av alfabetet leser du innleggene til de siste elevene på lista.
B) Les alle 3 innleggene først, notér faglige kommentarer og spørsmål i stikkordsform mens du leser innleggene. Se også på hvordan oppgaven er besvart. Du kan f.eks bruke rubrikkverktøyet fra vurderingsveiledningen dere fikk til heldagen.
C) Skriv kommentarer til disse tre elevene.
D) Skriv et blogginnlegg der du limer inn og presenterer den kommentaren du var mest fornøyd med, (husk også å få med lenken til blogginnlegget du har gitt kommentar). I Innlegget ditt presenterer du først
elevarbeidet, deretter hvilke observasjoner du gjorde (faglige, strukturelle og personlig mening) og til slutt forklarer du hvilke hensyn du tok til eleven når du skrev kommentaren.
Eg kommenterte på bloggen til Sondre Lea. Han hadde skreve ein tekst om informasjonskløfter.
Her er svaret mitt/kommentaren min på oppgåva:
Bra tekst om informasjonskløfter. Lærte mykje nytt!
Ei god innleiing. Du forklarar enkelt og godt kva oppgåva skal handle om.
Du formulerar setningane dine godt, noko som gjere at ein blir meir interessert i teksten. Du har med eksempel, noko som gjere teksten enda meir fagleg.
Avslutninga er eg litt usikker på. Kanskje du ikkje burde hatt så mange problemstillingar. Blir litt mykje, og ein kan fort miste fokuset. Men elles bra!
Alt i alt, ein solid tekst om informasjonskløfter.
Eg hadde både positive og ikkje fullt så positive respons. Eg syns teksten var bra, men som eg skreiv på kommentaren på bloggen, var eg litt usikker på avslutninga. Vart litt mykje problemstillingar på slutten, noko som gjorde at ein satt igjen med mykje ubesvarte spørsmål. Kanskje dette var det bloggaren ville få fram, men vart litt mykje på slutten av teksten.
Han hadde gode forklaringar og god struktur over oppgåva si. Dette gjorde at ein fekk lyst til å lese vidare, og ein blir meir interessert.
Å skrive faglege kommentarar gjere at bloggaren ser på responsen som seriøs. Ein må ta hensyn til bloggaren, men også teksten han/ho har skreve. Ein skal vere både fagleg og personleg om teksten. Ein personleg kommentar skal innholde det ein sjølv meinar om testen. Dette kan hjelpe bloggaren med vidare arbeid. Han/ho innser kva ein må fokusere på i det vidare arbeidet.
Å kommentere på andre sine bloggar gjere at ein sjølv lærer om tema bloggaren skriver om. Sjølv om me har jobba med informasjonskløfter på skulen, hjelper det å lese andre sine kommentarar og synspunkt. Det er veldig lærerrikt!
Ved å lese, men også kommentere på innlegget, lærer du mykje om korleis du skal skrive ein tekst. Ein kan bli inspiret av bloggaren, og ein lærer korleis han/ho byggjer opp teksten.

[...] 3. Vurdering av blogg: Vurdering av blogg [...]