h1

Oppsummering av skuleåret 2009/2010

05/06/2010

Mediabloggen 09/10:

1. Sjølvvalgt prosjekt: Fotoreportasje

2. To valfrie tekstar frå haust09: Trykkjerevulusjonen og Eshowe-dagen

3. Vurdering av blogg: Vurdering av blogg

4. Utvikling av demokrati i eit internasjonalt perspektiv: 4 mediesystem

h1

Fotoreportasje

01/06/2010

PROSJEKT: Fotoreportasje

FOKUS PÅ SJANGERFORSTÅELSE

Felles læreplanmål:

  • skape og presentere eigne medieprodukt i ulike kombinasjonar av tekst, lyd og bilde og grunngje val av medium og publiseringsform
  • analysere og evaluere eigne og andre sine medieprodukt
  • bruke forteljarteknikkar, munnlege uttrykksmåtar og dramaturgiske verkemiddel i eigne medieproduksjonar

Du kan velge å jobbe med disse sjangrene:

Journalistikk:
TV-nyhetssak
Avis: Portrettintervju
Avis: Fotoreportasje

Informasjon:
Informasjonsfilm
Plakat
Brosjyre Nettsted

Reklame:
Reklamefilm
Radioreklame
Reklameplakat

Oppgave1: Hva betyr sjanger?
Oppgave2: Finn en eksempeltekst, dvs en tekst som er et eksemperl på den sjangeren du vil jobbe med.
Oppgave3: Beskriv kjennetegn ved kommunikasjonsformen (journalistikk, informasjon, reklame) og sjangertrekk. Både form (format, utseende, utforming) og innhold, -> Skriv et notat, evt. Bruk bloggen.

Oppgåve 1: Kva tyder sjanger? Kva er ein sjanger?

Ein sjanger er frå det franske ordet genre, og tyder slekter, arter eller klasser. I litteraturvitskapen er sjanger dei klassane ein deler inn skjønnlitteratur i. Det finst også andre sjangrar for musikk, teikneseriar og film.

Sjangrane i journalistikken deler vi i tre grupper: nyheiter, kommentarar og feature. Nyheitssjangrane skal prøve å vere objektive, mens i kommentarsjangrane kjem det subjektive meir til uttrykk. Featurestoffet med artiklar og reportasjar som går i djupna på bestemte tema eller portretterer personar, er friare i forma og har ikkje så skarpe sjangergrenser.

Litteraturliste:

1.    Wikipedia – lasta ned 10.05.10

Oppgåve 2: finn ein eksempeltekst – ein tekst som er eksempel på den sjangeren du vil jobbe med.

Eg fann ein god fotoreportasje eg ville ta utgangspunkt i til mitt prosjekt. ”Der dagene er lange” er ein fotoreportasje der bileta er flotte og beskriver godt det som skjer. Når eg såg korleis bileta var teke, lærte eg korleis eg skal røre på meg, og kva som er viktig for å få eit bra bilete.

Oppgåve 3: beskriv kjenneteikn ved kommunikasjonsforma (journalistikk) og sjangertrekk ved sjangeren. Både form (format, utsjånad, uforming) og innhald.

Kva er journalistikk?

«Journalistikk er innsamling og redigering av nyheiter, som blir formidla til publikum gjennom media. Journalistikk er altså eit fag som journalistar driv med. Journalistikk er også det produktet journalistane produserer, som avisartiklar og fjernsynsreportasjar. I tillegg har journalistikken ei samfunnsoppgåve og er viktig i eit demokratisk samfunn” (Asbjørnsen, Dag m. fl: MedieMøte 2, s. 175, 2007).

På internettsida til jaoverla, forklarar han journalistikk slik: ”journalistikk er å samle inn opplysningar og meninger, og vurdere begivenheter, med vidt perspektiv og klokskap, og så bearbeide og publisere dette i en form som engasjerer og tilfredsstiller publikum”.

Format: Fotoreportasje

Form:

Ein fotoreportasje skal fortelje ein historie ved hjelp av bilete. Ein reportasje er ein blandingssjanger som brukast i media, som i aviser, radio og fjernsyn. Ein skal rapportere det som skjer rundt deg. I ein fotoreportasje skal ein ikkje berre bruke bilete, men også tekst. Hovudfokuset skal vere bileta, men du skal også ha med ein tittel, ein må ha bilettekstar og ein ingress som fortel kva som skjer.

Innhald:

Ein fotoreportasje skal innehalde eit bestemt tema. Tema kan vere kva som helst. Bileta skal fortelje innhaldet, altså heile fotoreportasjen er basert på bileta.

Diskuter sjangeren som kulturutrykk eller mht ytringsfridom

Ytringsfridom er ”ein grunnleggjande verdi i samfunnet vårt”. Det er tre teoretiske hovudgrunnar for ytringsfridommen:

  1. Sanningsargumentet – ”Som menneske har vi oppfatningar om mange ting, og ikkje alt vi meiner, er rett eller byggjer på fakta. Ein måte å finne fram til sanninga på er å prøve ut argumenta i ein diskusjon” (Asbjørnsen, Dag m. fl: Mediemøte 2, 2007, s. 76-77, Ytringsfridom).
  2. Demokratiargument – ”Demokratiet kviler på ytringsfridommen, den frie diskusjonen på politiske standpunkt. Alle politiske standpunkt skal tole debatt og må kunne diskuterast offentleg før ein tak avgjerder” (Asbjørnsen, Dag m. fl: Mediemøte 2, 2007, s. 76-77, Ytringsfridom).
  3. Danningsargumentet – ”Det byggjer på dei to andre, men legg vekt på at individet utviklar seg til kva ein kan kalle eit sjølvstendig menneske ved at det er med i frie debattar og bryner meiningane sine mot det andre meinar” (Asbjørnsen, Dag m. fl: Mediemøte 2, 2007, s. 76-77, Ytringsfridom).

Når det kjem til ytringsfridom, har alle rett til sin eigen fridom. Det er derfor viktig å ta hensyn til andre når ein skal ta bilete til ein fotoreportasje. Dette må ein spesielt tenke på viss fotoreportasjen skal leggjast ut på ei internettside. Derfor må ein vere forsiktig over kva som blir lagt ut på nettet. Viss det først blir lagt ut, kan det vere vanskeleg å slette det i seinare tid.

Personvern er injuriar, privatlivets fred, personopplysningar. Ein må tenke på den som blir fotografert.

_________________________________________________________________________________________

Sogndalsrussen presenterar: Utopia

Russetida er i gang igjen. Russen hadde russekick-off  22. april, og 27. april var russerevyen klar til framsyning. Det er første gong russerevyen har blitt heldt på Sogndal Kulturhus, og som Sogn Avis skreiv i avisa: ”det er der den høyre heime”.

Eg skal i denne fotoreportasjen ta for meg russerevyen – bak scena. Eg har laga ein fotoreportasje som visar korleis  forholda var før revyen.

Sogndalsrussen presterterar: UTOPIA!

Russen inviterar til russerevy på Sogndal Kulturhus.

Kviskra!

Revysjefane, Bjørnar og Lisa, var strenge på at skodespelarane måtte vere stille under førestillingen. Eit slikt skilt måtte til slik at publikum ikkje skulle bli forstyrra under revyen.

Dei fleste som var med på revyen, har ikkje erfaring på å stå på scena. Litt alkohol i blodet gjorde dette lettare, og kanskje litt kjekkare for både skodespelarane, men også publikum, som fekk seg ein god latter av revyen.

Sminkeavdelinga:

Sminkeansvarleg, Ida og Janne, hadde mykje å farte med når skodespelarane skulle gjere seg klare til framsyning. For at ein skodespelar skal sjå bra ut på scena, må ein ha ekstra mykje sminke på seg. Derfor gjekk det ein del brunkrem og leppestiftar i løpet av revyen.

Revysang:

Andrine leser over finalesangen ein siste gong, for å sjekk om ho kan den.

Programmet for kvelden heng overalt bak scena. Det er viktig at alle veit når dei skal på.

Storesalen:

Første gong russerevyen blir vist i Storesalen på Sogndal Kulturhus. Alle er spente på resultatet.

Salen er nesten full, snart tid for første visning av revyen. Nervane visar seg hos skodespelarane. Ein god venn er alltid godt å ha i slike nervepinande tider.

Ein spent gjeng som ventar på å gå inn på scena for å begynne feiringa.

Jubel og song for full hals!

Glade gutar!

Skodespelarane er nøgde med eigen prestasjon, noko dei har all grunn til å vere!

h1

4 mediesystem

31/05/2010

Me fekk utdelt eit ark med oppgåver. Den første oppgåva var teoretiske fordypning, den andre handla om at me skulle arbeide med eksempler og kjeldesøk, og i den siste skal ein jobbe med manus og animasjon. Eg samarbeida med Ingrid og Ole Ándre, og me valde å jobbe med den første oppgåva, A) Teoretisk fordjupnad.

A) Teoretisk fordypning:

1. Gjør en presentasjon av de fire ulike mediesystemene slik de er presentert her.

2. Forklar hva som er forskjellen på et mediesystem og en mediestruktur.

3. Skriv en sammenligning av mediestrukturen i Vest-Europa og i utviklingsland.

4. Gjør greie for informasjonskløfter sett i et internasjonalt perspektiv.

Når me fekk utdelt oppgåvene valde eg å jobbe med A) Teoretisk fordjupnad. Eg ville lage ein PowerPoint om dei fire ulike mediesystema. Oppgåva sa også at ein skulle forklare forskjellen på eit mediesystem og ein mediestruktur. Tilslutt skulle me gjere greie for informasjonskløfter sett i eit internasjonalt perspektiv. Ved å leite på biblioteket og i læreboka fann me fort svar på oppgåva. Me fokuserte på dei fire mediesystema, altså kva hovudmålet deira er og kva som skilde dei frå dei tre andre mediesystema.

I PowerPointen ville me ha orden. Dette gjorde me med å først vise til dei fire mediesystema, og så vidare stille spørsmål om temaet som var ein del av oppgåva. Me har skrive kva ei informasjonskløft er, og korleis informasjonskløfter ein kan finne i andre land.
Eg syns det var greitt å finne faktastoff til denne oppgåva. Me har lært mykje om dei fire mediesystema før på skulen, men no satt me oss ekstra inn i det. Me har jobbe ein del med PowerPoint, så dette er ikkje noko nytt for oss.

Kompetansemålet var å diskutere media si rolle i utvilinga av demokrati i eit internasjonalt perspektiv. Dette har me klart når det kjem til internasjonale informasjonskløfter. Me har fokusert på industriland, utviklingsland og Aust-Europa.

h1

Kildebruk- og henvisning

10/05/2010

Kjeldebruk er noko me har jobba med det siste året i mange fag på skulen. Spesielt i mediatimen har Albertine lært oss mykje om korleis me skal finne og bruke kjelder. Dette har vore lærerikt! Det er veldig viktig å forstå korleis ein skal bruke kjeldene riktig, både når ein skal skrive ein tekst og publisere den på internett, eller på eksamen. Under har eg funnet tips til kjeldebruk. Lenkja er henta frå KLASSEBLOGG 3MIK 2009/10 – klassebloggen til mediaklassen på Sogndal Vidaregåande skule.

_____________________________________________________________________________________________

Åndsverksloven §1 sier at « Den som skaper et åndsverk, har opphavsrett til verket» (2007). Når f.eks en forfatter har sittet i timesvis og fordypet seg i fagbøker, skrevet avnitt, delkapitler og kapitler, blir arbeidet hans betraktet som et verk. Kildehenvisning handler altså om ha respekt for andres arbeid. Bruker en kilder og oppgir referansen til den som har laget kilden, viser vi at vi annerkjenner den andres åndsverk. Ikke bare følger du åndsverksloven og respektere forfatteren, men du gjør det også mulig for leseren av teksten å fordype seg videre i de kildene du har brukt. Clara.no er en veldig god kilde som forklarer og gir en lettfattelig oversikt over begreper og problemstillinger knyttet til opphavsrettigheter.

Så til den teknologiske bakgrunnen for hvorfor dere lærer om kildebruk og kildehenvisninger: Internett blir stadig en viktigere ressurs i undervisning og skolearbeid. Bruk av nettkilder er ofte problematisk fordi det er så veldig lett og enkelt å bruke klipp og lim-funksjonen på datamaskinen. Det er fort å glemme at det en klipper ut er blitt forfattet av noen. Det skjer ofte at elever oversetter enkelte ord fra bokmål eller engelsk til nynorsk, eller gjør noen endringer på ordstillingen. Språket blir ofte hakkete og dårlig. Vi kaller det for parafrasering. Ved bruk av kilder skal en altså unngå parafrasering og heller bruke direkte,indirekte sitat eller blokksitat.

Eksempler:

A: Direkte sitat:
En tidlig teknologi som knyttet verdensdelene sammen er telegrafen. Den «spilte en viktig rolle i den utviklingen som har ført til det vi idag kaller globalisering.» (Asbjørnsen m.fl. 2007, s. 138). Selv om telegrafen i den store sammenhengen ikke ble brukt så veldig mye, var den et veldig viktig medium.

B: Indirekte sitat (fra bok):
Asbjørnsen m.fl skriver at telegrafen spilte en rolle i den utviklingen som har ført til det vi i dag kaller globalisering. (1007, s.138). Som teknologi var altså telegrafen tidlig ute med å knytte verdensdelene sammen.

C: Blokksitat (fra bok):

Ligner direkte sitat, men er mye lenger, dette synliggjøres ved at den plasseres for seg og gjerne i kursiv:

En tidlig teknologi som knyttet verdensdelene sammen er telegrafen:

Telegrafen spilte en viktig rolle i den utviklingen som har ført til det vi i dag kaller globalisering. Både økonomi, handel og politikk ble preget av at informasjon kunne forflytte seg raskt.
(Asbjørnsen m.fl. 2007, s. 138)

På en måte kan vi nesten si at Internett-mediet er storebroren til telegrafen.

D: Innflettet moment ( fra nettkilde):
En nettkilde setter man inn i teksten slik:
Den første filmfremvisningen skjedde i en kafé nær Operaen i Paris. Datoen var 28.desember 1895 og kun et få titall hadde løst ut billetter (Ove Solum 1995).

E: Eksempel på litteraturliste:
Asbjørnsen, Dag m.fl: Mediemøte2, Aschehoug 2007.
Solum, Ove (1995): «Film i hundre år», Dagbladet.http://www.dagbladet.no/kronikker/951228-kro-1.html. Lasta ned 27.10.1995.

h1

Fotoreportasje

02/05/2010

Mediaklassen har no fått som oppgåve å lage eit medieprosjekt. Eg valde å lage ein fotoreportasje. Dette er heilt nytt for meg, så før eg begynte søkte eg litt på Internett for å få litt tips.

__________________________________________________________________________________________________

Kva er ein fotoreportasje?

Ein fotoreportasje skal fortelje ein historie ved hjelp av bilete. Ein reportasje er ein blandingssjanger som brukast i media, som i aviser, radio og fjernsyn. Ein skal rapportere det som skjer rundt deg. I ein fotoreportasje skal ein ikkje berre bruke bilete, men også tekst. Hovudfokuset skal vere bileta, men du skal også ha med ein tittel, ein må ha bilettekstar og ein ingress som fortel kva som skjer.

Korleis bilete skal eg ta?

Robert Capa sa, ”if your photos aren’t good enough, you’re not close enough”. Å bevege seg er veldig viktig. Ein må ikkje bli ei tilskodar til det som skjer rundt deg!

Fire spørsmål du kan stille deg når du skal fotografere noko:

  1. Kva skjer?
    Når ein skal ta bilete til ein fotoreportasje må ein ta bilete av alt som skjer. Du skal dokumentere det som skjer, og fange dei små augeblikka. Det er viktig å variere ståstad, vinkel og perspektiv. Du kan variere med halvperson, heilperson, trekvartperson osv.
  1. Kor er vi?
    Lurt å ta eit oversiktsbilete. Eit bilete som fortel kvar du er. Eit bilete av ein hending, ein stad eller noko som beskriver kor ein er.
  1. Kan detaljane fortelje oss noko?
    Små detaljar fortel mykje i ein fotoreportasje. Hender, giftering, skrutrekkjer mm. Prøv å fang detaljar som dette.
  1. Korleis portretterar vi?
    Portrettet skal vise menneska bak handlingane. Det kan vere heilfigur, arrangert osv.

Meir tips til fotoreportasje:

http://www.akam.no/artikler/fotoreportasjen/71513

Eg fann ein god fotoreportasje eg ville ta utgangspunkt i til mitt prosjekt. ”Der dagene er lange” er ein god reportasje skreve av Eivind Marienborg. Han bruker sterke og klare bildete, og beskriver godt det som skjer. Når eg såg korleis bileta var tatt lærte eg korleis eg skal røre på meg, og kva som er viktig for å få eit bra bilete.

h1

Vurdering av blogg

12/04/2010

Me fekk som oppgåve å kommentere tre innlegg om informasjonskløfter. Innlegga kom frå bloggane til elevane på Kongsberg VGS. Dei har tidlegare kommentert vårt arbeid, og no var det vår tur.

Dette var oppgåva:

A) Les 3 elevinnlegg/besvarelse på oppgaven om informasjonskløfter fra Kongsberg VGS. Har du etternavn i begynnelsen av alfabetet, plukker du elever øverst fra elevlista på bloggen, har du etternavn i midten av alfabetet plukker du elever i midten av lista og har du etternavn i slutten av alfabetet leser du innleggene til de siste elevene på lista.

B) Les alle 3 innleggene først, notér faglige kommentarer og spørsmål i stikkordsform mens du leser innleggene. Se også på hvordan oppgaven er besvart. Du kan f.eks bruke rubrikkverktøyet fra vurderingsveiledningen dere fikk til heldagen.

C) Skriv kommentarer til disse tre elevene.

D) Skriv et blogginnlegg der du limer inn og presenterer den kommentaren du var mest fornøyd med, (husk også å få med lenken til blogginnlegget du har gitt kommentar). I Innlegget ditt presenterer du først

elevarbeidet, deretter hvilke observasjoner du gjorde (faglige, strukturelle og personlig mening) og til slutt forklarer du hvilke hensyn du tok til eleven når du skrev kommentaren.

Eg kommenterte på bloggen til Sondre Lea. Han hadde skreve ein tekst om informasjonskløfter.

Her er svaret mitt/kommentaren min på oppgåva:

Bra tekst om informasjonskløfter. Lærte mykje nytt!

Ei god innleiing. Du forklarar enkelt og godt kva oppgåva skal handle om.

Du formulerar setningane dine godt, noko som gjere at ein blir meir interessert i teksten. Du har med eksempel, noko som gjere teksten enda meir fagleg.

Avslutninga er eg litt usikker på. Kanskje du ikkje burde hatt så mange problemstillingar. Blir litt mykje, og ein kan fort miste fokuset. Men elles bra!

Alt i alt, ein solid tekst om informasjonskløfter.

Eg hadde både positive og ikkje fullt så positive respons. Eg syns teksten var bra, men som eg skreiv på kommentaren på bloggen, var eg litt usikker på avslutninga. Vart litt mykje problemstillingar på slutten, noko som gjorde at ein satt igjen med mykje ubesvarte spørsmål. Kanskje dette var det bloggaren ville få fram, men vart litt mykje på slutten av teksten.

Han hadde gode forklaringar og god struktur over oppgåva si. Dette gjorde at ein fekk lyst til å lese vidare, og ein blir meir interessert.

Å skrive faglege kommentarar gjere at bloggaren ser på responsen som seriøs. Ein må ta hensyn til bloggaren, men også teksten han/ho har skreve. Ein skal vere både fagleg og personleg om teksten. Ein personleg kommentar skal innholde det ein sjølv meinar om testen. Dette kan hjelpe bloggaren med vidare arbeid. Han/ho innser kva ein må fokusere på i det vidare arbeidet.

Å kommentere på andre sine bloggar gjere at ein sjølv lærer om tema bloggaren skriver om. Sjølv om me har jobba med informasjonskløfter på skulen, hjelper det å lese andre sine kommentarar og synspunkt. Det er veldig lærerrikt!

Ved å lese, men også kommentere på innlegget, lærer du mykje om korleis du skal skrive ein tekst. Ein kan bli inspiret av bloggaren, og ein lærer korleis han/ho byggjer opp teksten.

h1

Polarisering

05/02/2010

Polarisering

”Polarisering er et nytt ord brukt i samfunnsdebatt. Det er lånt får elektrisitetens og magnetismens verden. Ved magnetisering av jernfilspon skyvast partiklane lengst mogleg frå kvarandre i to ”poler.” (Gunnar Melbø). Det politiske omgrepet på polarisering er at det er sterk kamp mellom to ”polar”. ”Polarisering er eit språkleg uttrykk for ein situasjon der sterkt motstridane synspunkt får auka oppslutning.” (Asbjørnsen m.fl. 2007, s. 100). Det er altså to partar som står mot kvarandre i ei sak, ein debatt m.m.

Det som kan skje i journalistikken er at det blir lagt mest vekt på det motstridande synspunktet. Nokon meinar at media polariserar alt for mykje. ”Dei gir inntrykket av at valet står mellom to sider av same sak.” (Sindre Timberlid Jenssen, 2009)

Hijab-saka har blitt mykje omtalt i media det siste året. At muslimske politikvinner må leggje hijaben igjen heime, når ein reiser på jobb, er noko som ikkje alle er einig i. Da Verdens Gang intervjua Mahmood Amiry-Moghaddam sa han at den norske hijab-debatten er blitt veldig polarisert av media. (vg.no, 2009) ”Det er typisk at visse grupper er meir aktive og blir meir høyrd. Det er lettare å bli høyrd om ein har ekstreme synspunkter. Ein bør høyre på alle parter utan at ein begynner å beskylde ein part for å være rasister og ein anna for å vere islamister” (Mahmood Amiry-Moghaddam, 2009).

Eit anna døme på polarisering er dei politiske debattane på fjernsynet. Eksempel som Holmgang som gjekk på Tv2, der dei inviterte personar som stod langt frå kvarandre i synet på saka som stod for debatt. På den måten klarte dei å få fram ei klar polarisering av debatten.

Kjelder:

http://liberal.no/2009/09/slik-kan-vi-stanse-medienes-polarisering/ – lasta ned 01.02.10
http://eq5.net/melb/03polarisering.html – lasta ned 01.02.10
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=547949 – lasta ned 01.02.10
– Asbjørnsen m.fl. 2007, kap 10, s. 100)

h1

Test

09/11/2009

Jobbing med blogging på skulen.

h1

Trykkjerevolusjonen

03/11/2009

I Mediemøte 2 skriv Asbjørnsen m.fl. om boktrykkjarkunsten som kom i 1450. ”På mange måtar kan vi seie at mediehistoria startar med trykkpressa.” (Asbjørnsen m.fl. 2007, s. 124)  Det vart ikkje lengre skreve bøker for hand, men nye maskiner tok over jobben. Dette gjorde at det vart trykka fleire bøker, noko som førte til større produksjon.

”Trykkjeria tente ein enorm mengde pengar, dette førte til at mange vart sysselsatt som boktrykkjarar.” (http://trykkerevolusjonen.blogspot.com/) I Mediemøte 2 skriv Asbjørnsen om at det var Venezia som vart den store byen av boktrykkjarkunsten, seinare Amsterdam. Boktrykkjarkunsten førte etter kvart til stort kjøp av aviser. ”Berre i Storbritannia vart det i 1792 over 15 millionar aviser.” (http://trykkerevolusjonen.blogspot.com/) Salet av aviser er større no, enn på den tida. Grunnen til dette kan vere at folk er meir interessert i det som skjer rundt oss, det er fleire aviser – meir å velje mellom, å konkurransen mellom avisene er større i dag.

Tida har endra seg, og maskinene og teknikken har blitt meir moderne.

 

Litteraturliste: Asbjørnsen,  http://trykkerevolusjonen.blogspot.com/,

h1

Informasjonskampanje

19/09/2009

Den 14. september gjekk eg, Kristin, Karoline, Janne og Hanne rundt på yrkesfag for å holde foredrag for elevane. Me informerte dei som Internasjonal dag/Eshowe-dagen.

Me brukte powerpoint der me hadde bilder. Me hadde også to filmar me viste fram. Foredraget gjekk ganske bra, men den siste filmen var dårleg. Kvaliteten var ikkje bra! Men ellers fekk me fram bodskapet.

I løpet av dei siste vekene har eg vore på gruppe med Anette, Marte, Trond, Kristin og Ole André. Me har hatt som oppgåve å informere media om Internasjonal dag/Eshowe-dagen. Ole André, Trond, Marte og Kristin har som oppgåve å sende ut ei pressemelding til Sogn Avis, Sogndal VGS si heimeside og NRK Sogn og Fjordane. Eg og Anette har jobba med å lage ei gruppe og event på facebook. Der har me lagt ut informasjon om Eshowe-dagen og bilder frå Eshowe.

Ein film frå internasjonal dag som vart holdt i fjor, har blitt ein video me tok utgangspunkt i når me skulle informere om Eshowe. Ole Martin Volle lagde filmen (sjå nedanfor), som handlar om Eshowe-dagen.

Glade born!